Løyve til Nedre Russvik kraftverk

Nedre Russvik kraftverk er planlagt med ein installert effekt på til saman 2,3 MW fordelt på to turbinar og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på om lag 5 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til 250 husstandar. Utbygginga av Nedre Russvik vil ikkje påverke registrerte utvalte naturtypar eller trua artar. Ved etablering av rørgate langs eksisterande traktorveg vil også inngrepa knytt til utbygginga reduserast til eit minimum. Ved slipp av sesongbasert minstevassføring meiner NVE at vassdragets landskapsverdiar blir ivaretatt i tilstrekkelig grad.